No kjem passivhuset

Passivhuspionerane kjenner seg litt som misjonærar. Og no let fleire og fleire seg frelsa.

– SKEPSISEN VAR STOR til ganske nyleg. Men no forstår byggjebransjen at dette er noko dei berre må setja seg inn i, seier Ellen Devold, leiar i Eco-box, miljøavdelinga til Norske arkitekters landsforbund (NAL).

Når Bergen kommune arrangerer regelmessige frukostmøte i samarbeid med Ecobox om korleis byggja passivhus, strøymer det på med arkitektar, utbyggjarar, entreprenørar og rådgjevande ingeniørar som gjerne vil læra.

– Til no er det fullført mellom fem og ti passivhusprosjekt her i landet, men svært mange er no under planlegging. Både kommunar og private ser poenget med å koma i gang med denne måten å byggja hus på. Det er ikkje lenge til alle nybygg må ha passivhusstandard, seier Devold.

Les mer her: http://www.bt.no/bolig-old/No-kjem-passivhuset-1773029.html

Posted in I media and tagged , .